Hopp til hovedinnhold
English Meny
Aktuelt(https://www.ntnu.no/aktuelt) Hjem(https://www.ntnu.no)
Aktuelt(https://www.ntnu.no/aktuelt)
Nytt flytande havcampus opna i ekte sunnmørsvêr
Nyhet
Nytt flytande havcampus opna i ekte sunnmørsvêr
Publisert 29. oktober 2026 av Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk(https://www.ntnu.no/ihb)
NTNU Havcampus er opna i Ålesund. Den flytande forskingsarenaen skal styrke samarbeid, utdanning og innovasjon for heile kysten.
NTNU Ocean Campus er ein del av Fjordlab, Norsk havteknologisenter som opna denne veka i Ålesund
Med kraftige vindkast, regnbyer og forhold som minna om kvardagen langs kysten, vart NTNU Havcampus torsdag offisielt opna i Ålesund. Den flytande forskings- og utdanningsarenaen er ein del av Norsk havteknologisenter og Fjordlab. Den skal styrke samarbeidet mellom forsking, utdanning, næringsliv og offentleg sektor.
Vêret sette sitt preg på opninga, men understreka òg kvifor satsinga er viktig.
– Havet kjem ikkje til oss på stille sommardagar aleine. Skal vi utvikle teknologi som fungerer ute på havet, må ho også fungere når vinden tek tak og regnet slår inn frå havet. Dagens opning vart derfor ei påminning om kva slags naturkrefter både regionen og havnæringane våre lever med kvar dag, seier gudmor og viserektor Anne-Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund.
Eit laboratorium for framtida
Det nye laborariumet skal gi studentar, forskarar og næringsliv tilgang til forskingsfartøy, laboratoriefasilitetar og avansert måleutstyr. Ambisjonen er å gjere havområdet rundt Ålesund til eitt av verdas best instrumenterte kystområde.
Gjennom sensorar, fartøy og digital infrastruktur skal ein samle inn og analysere data frå havmiljø, maritime operasjonar og havbasert infrastruktur. Kunnskapen skal bidra til ny forsking, betre forvaltning og utvikling av framtidas havnæringar.
– NTNU Ocean Campus skal styrke vår rolle som eit leiande fagmiljø innan havteknologi og havromsoperasjonar. Samstundes skal det vere ein møteplass der studentar, forskarar og næringsliv kan arbeide saman om utfordringar som er viktige både for regionen og samfunnet. Dette prosjektet er også eit resultat av godt samarbeid. Takk til alle som har bidrege med kunnskap, engasjement og gjennomføringsevne. Det er deira innsats som har gjort denne dagen mogleg, seier viserektoren.
Framtidas gull langs kysten
Instituttleiar Hans-Petter Hildre peikar på at satsinga skal skape verdiar langt utover sjølve anlegget.
– For mange år sidan sa ein at silda var havets sølv. Eg trur det vi byggjer her kan bli framtidas gull. Havcampuset skal vere staden der studentar, forskarar og næringsliv utviklar og testar morgondagens havteknologi. Her får studentane arbeide tett på utfordringane næringane møter, og vere med på å utvikle løysingane som skal forme framtidas hav-Noreg, seier Hildre.
Ei investering i framtidas Nordvestland